Fjordvik kommune · for elevar og foreldre
Dette gjer Spor med det du lagar
Spor er eit verktøy skulen bruker. Fjordvik kommune bestemmer kva som skjer med dataa. Spor gjer jobben for dei og bruker ikkje dataa til noko anna.
Dette tek Spor vare på
Berre det skulen treng.
- Namnet ditt, klassen og skulen
- Det du lagar og leverer i appane
- Svara dine på oppgåver og prøver
- Tilbakemeldingar frå læraren
- Læringskartet ditt
- Når du logga inn, og frå kva nettadresse
Dette gjer Spor aldri
Heller ikkje om nokon ber om det.
- Viser deg reklame
- Sel noko om deg
- Følgjer med på andre nettstader du bruker
- Sender stemma di nokon stad. Diktér og Les høgt skjer på maskina.
- Lèt KI setje karakter eller gi deg ein merknad. Læraren bestemmer.
Kor lenge noko blir lagra
Fjordvik kommune bestemmer, etter lova.
- På maskina
- Til du loggar ut. Då ryddar Spor ho.
- Innlogginga
- Tida og nettadressa står i ein tryggingslogg. Kor lenge er ikkje bestemt enno.
- Arbeid, svar og vurderingar
- Så lenge skulen treng dei, etter reglane for arkiv.
Du og foreldra dine kan alltid spørje
Spør læraren, eller skriv til personvernombodet hos Fjordvik kommune. Det kostar ingenting.
SjåDu kan få sjå alt Spor har om deg.
RetteEr noko feil, skal det rettast.
SletteDet skulen ikkje må ta vare på, kan slettast.
KlageDu kan klage til Datatilsynet.