Kjelder
Spor byggjer på opne data og ope fagstoff. Her står kven som har laga det, kva lisens det har, og kva Spor gjer med det.
Fagstoff frå NDLA
Gå til kjelda- Laga av
- Nasjonal digital læringsarena (NDLA), eigd av fylkeskommunane. Forfattarane står ved kvar artikkel.
- Lisens
- Kvar artikkel har sin eigen lisens. Dei fleste er CC BY-SA 4.0. Artiklar med lisens som ikkje tillèt bruk i Spor, blir berre viste som lenkje. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor viser teksten i avsnitt med forfattar og lisens ved kvar artikkel, og koplar artiklane til kompetansemåla NDLA har merkt dei med. Bilete, video og oppgåver blir verande hos NDLA. Spor tel òg kor ofte kvart ord står i artiklane, for å setje dei vanlegaste orda først i ordforslaga. Berre tala blir lagra, ikkje teksten.
- Kreditering
- Forfattar / NDLA, og lisensen til artikkelen, ved kvar artikkel.
Læreplanar og kompetansemål
Gå til kjelda- Laga av
- Utdanningsdirektoratet (Udir), frå læreplandatabasen Grep.
- Lisens
- Norsk lisens for offentlege data (NLOD) 2.0. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor hentar alle læreplanane i LK20 med kompetansemål, fag, nivå og trinn, og gjer dei søkbare. Teksten i måla er ikkje endra.
- Kreditering
- Inneheld data under Norsk lisens for offentlege data (NLOD) tilgjengeleggjort av Utdanningsdirektoratet.
Ordboka i Dokument (Slå opp)
Gå til kjelda- Laga av
- Bokmålsordboka og Nynorskordboka, laga av Universitetet i Bergen og Språkrådet, på ordbøkene.no.
- Lisens
- Creative Commons Namngjeving 4.0 (CC BY 4.0). Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor slår opp i ordbøkene på nettet og har òg ein kopi på maskina, så Slå opp verkar utan nett og i Spor Prøve når læraren tillèt det. Kopien er eit utdrag: utan opphav (etymologi), samansetjingslister og uttale. Berre bøyingsformer i gjeldande norm blir viste, men alle registrerte former finn artikkelen. Faste uttrykk med fleire ord står i artikkelen til hovudordet. Kopien blir bygd frå nedlastingsfila til ordbøkene, og datoen står under kvart svar.
- Kreditering
- Bokmålsordboka / Nynorskordboka, Universitetet i Bergen og Språkrådet, ordbøkene.no, CC BY 4.0.
Ordliste norsk–engelsk i Dokument
Gå til kjelda- Laga av
- WikDict (wikdict.com), bygd frå Wiktionary via DBnary. Frivillige har skrive orda; ingen styresmakt har kontrollert dei, og Språkrådet har ikkje godkjent lista.
- Lisens
- Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår 4.0 (CC BY-SA 4.0). Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor har slått saman begge retningane (norsk–engelsk og engelsk–norsk) og teke vare på berre norske ord som står i Bokmålsordboka eller Nynorskordboka, med høgst åtte engelske ord kvar. Lista er ei eiga fil under CC BY-SA 4.0, som kjelda. Koden til Spor er ikkje omfatta.
- Kreditering
- WikDict, data frå Wiktionary via DBnary, CC BY-SA 4.0.
Ordlister til stavekontrollen
Gå til kjelda- Laga av
- Norsk ordbank, laga og halden ved like av Språkrådet og Universitetet i Bergen, gitt ut av Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket. Bokmål 2005 og nynorsk 2012, versjon 1. februar 2022.
- Lisens
- Creative Commons Namngiving 4.0 (CC BY 4.0). Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor har henta ut alle bøyingsformene til to ordlister, éi for bokmål og éi for nynorsk, og bruker dei til å finne moglege skrivefeil og føreslå rettingar. Av oppslagsorda, bøyingane og leddanalysane har Spor òg laga ein eigen, kompakt tabell som kjenner att nye samansette ord, kjønnet på sisteleddet og uregelrette bøyingar. Ordbanken er ikkje endra elles.
- Kreditering
- Norsk ordbank, Språkrådet og Universitetet i Bergen, via Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket (CC BY 4.0).
Synonym i Dokument
Gå til kjelda- Laga av
- Norsk ordvev bokmål 1.1.2 og nynorsk 1.1.0, laga av Kaldera Språkteknologi for Nasjonalbiblioteket og gitt ut av Språkbanken. Byggjer på det danske ordnettet DanNet 1.0 (Københavns Universitet og Det Danske Sprog- og Litteraturselskab).
- Lisens
- Creative Commons Namngjeving 4.0 (CC BY 4.0), og DanNet 1.0-lisensen for det danske grunnlaget. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor har teke ut orda med liten forbokstav (ikkje namn) og lagt dei i ei liste med ord med same tyding, nær tyding og vidare ord. Lista ligg på maskina; ingen ord blir sende nokon stad. Den nynorske lista er tynnare enn den bokmålske.
- Kreditering
- Norsk ordvev bokmål 1.1.2 og nynorsk 1.1.0, Nasjonalbiblioteket (Språkbanken), CC BY 4.0. Byggjer på DanNet 1.0, © 2009 Københavns Universitet og Det Danske Sprog- og Litteraturselskab.
Ordlister til stavekontrollen i Dokument, Presentasjon og Data og tal
Gå til kjelda- Laga av
- Dei norske ordlistene til LibreOffice, versjon 3.0 (Lars Bungum). Orda er henta frå Norsk ordbank (Nasjonalbiblioteket), dei nye orda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka 2018–2024 (Språkrådet og Universitetet i Bergen) og årets ord frå Språkrådet. Bøyingsreglane er frå spell-norwegian.
- Lisens
- CC BY 4.0 og CLARIN PUB +BY for orda, GNU GPL 2 for bøyingsreglane. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Stavekontrollen i kontorappane i Spor. Spor har merkt kvar kvart ord kan stå i eit samansett ord, og lagt til nokre skuleord som mangla, som «labrapport» og «vekeplan».
- Kreditering
- Norske ordlister for LibreOffice 3.0, frå Norsk ordbank (Nasjonalbiblioteket, CC BY 4.0) og Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Språkrådet og Universitetet i Bergen, CLARIN PUB +BY).
Lenkjer til Store og Lille norske leksikon
Gå til kjelda- Laga av
- Store norske leksikon og Lille norske leksikon, gitt ut av foreininga Store norske leksikon. Forfattarane står ved kvar artikkel på snl.no.
- Lisens
- Kvar artikkel har sin eigen lisens, vald av forfattaren: fri gjenbruk (CC BY-SA 3.0) eller avgrensa gjenbruk. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor viser tittel, fag, leksikon og lisens, med lenkje til artikkelen på snl.no, og faktaboksen frå det beste treffet (opphav, uttale og fakta), som SNL gjer fri i alle artiklar. Teksten i artiklar med avgrensa gjenbruk blir ikkje vist i Spor. Søkeordet læraren skriv, blir sendt til snl.no for å finne artiklane; ingenting om elevar blir sendt.
- Kreditering
- Ved kvar faktaboks og tekst: namnet på leksikonet, forfattarane, lisensen med lenkje og lenkje til artikkelen på snl.no.
Namn i stavekontrollen (PtRyTo)
Gå til kjelda- Laga av
- Wikidata; Kartverket (Sentralt stadnamnregister); Statistisk sentralbyrå (SSB), tabell 10501 og 12891; Brønnøysundregistera (Einingsregisteret, berre offentlege organ); Stortinget (data.stortinget.no); Utdanningsdirektoratet (Nasjonalt skoleregister og Grep).
- Lisens
- Wikidata: CC0. Kartverket og SSB: CC BY 4.0. Brønnøysundregistera, Stortinget og Udir: Norsk lisens for offentlege data (NLOD) 2.0. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- PtolemaiosRyghTopos (PtRyTo) er namneleksikonet til Spor i stavekontrollen. Det kjenner namn på stader, personar med ein artikkel i Wikipedia, organisasjonar, verk og hendingar, og førenamn og etternamn som minst 200 personar har. Kjende namn blir ikkje markerte som feil, og stor og liten forbokstav i namn blir sjekka etter reglane til Språkrådet. Ingen opplysningar om privatpersonar, berre namnelister.
- Kreditering
- Inneheld data frå Wikidata (CC0), stadnamn frå Kartverket (SSR, CC BY 4.0), namnestatistikk frå SSB (CC BY 4.0) og data under NLOD frå Brønnøysundregistera, Stortinget og Utdanningsdirektoratet. Spor har endra dataa ved å velje ut namn og lagre dei i eige format.
Ordteljingar i stavekontrollen (ZiKoGram)
Gå til kjelda- Laga av
- Nasjonalbiblioteket: n-gram 2026, Målfrid 2025 og Norwegian Colossal Corpus (NCC, berre delane under NLOD); Norsk dependenstrebank (NDT) frå Språkbanken.
- Lisens
- N-gram og NDT: CC0 1.0. Målfrid og NCC: Norsk lisens for offentlege data (NLOD) 2.0. Ingen tekst under CC BY-SA. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor Retting tel kor ofte ord og ordpar står i open norsk tekst, og brukar teljingane til å finne ord som er stava rett, men står feil i setninga. Alt køyrer på maskina di, utan nett og utan KI.
- Kreditering
- Inneheld data under NLOD 2.0, tilgjengeleggjort av Nasjonalbiblioteket. Spor har endra dataa ved å telje ord i dei.
Kart og stadnamn frå Kartverket
Gå til kjelda- Laga av
- Kartverket.
- Lisens
- CC BY 4.0. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor Kart viser dei topografiske karta til Kartverket over Noreg (i fargar og i grått) og søkjer i Sentralt stadnamnregister. Kartflisene blir henta av serveren til Spor, så Kartverket ser ikkje elevane, og dei blir ikkje lagra hos Spor.
- Kreditering
- I hjørnet av kvart kart: «© Kartverket», og ved stadnamnsøket: «Stadnamn frå SSR © Kartverket».
Verdskart frå OpenStreetMap
Gå til kjelda- Laga av
- Bidragsytarane i OpenStreetMap, bearbeidd til kartfliser av Protomaps.
- Lisens
- Open Database License (ODbL) 1.0. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor Kart viser verdskartet frå ei kartfil Spor har sjølv, i EU, med data frå OpenStreetMap. Stadnamna blir viste på bokmål, nynorsk eller engelsk der OpenStreetMap har dei. Ingen elev blir send til OpenStreetMap eller Protomaps.
- Kreditering
- I hjørnet av verdskartet: «© OpenStreetMap-bidragsytarane, Protomaps».
Pianolyd frå Salamander Grand Piano
Gå til kjelda- Laga av
- Alexander Holm.
- Lisens
- CC BY 3.0. Om lisensen
- Slik bruker Spor det
- Spor Musikk speler melodi og akkordar med opptak av eit Yamaha C5-flygel. Spor brukar eit utval på 30 tonar, éin for kvar lita ters, lagra som MP3 slik Tone.js deler dei. Filene ligg hos Spor, så ingen elev blir send vidare.
- Kreditering
- Her: «Salamander Grand Piano av Alexander Holm, CC BY 3.0».
Spor Kontor byggjer på Collabora Online og LibreOffice (MPL 2.0). Endringane til Spor blir publiserte saman med kjeldekoden til Spor.